Laurdag vart årets første sonerenn arrangert på Vang skistadion på Kvanne. 55 deltakarar mønstra på startreken og var ivrige etter å kome ut i sporet. Sjølv om det tidvis var litt regnvêr så var det god stemning både blant deltakarane og blant publikum og heiagjeng.
11-åringen Johannes Gujord var i klasse for seg i den kortaste løypa (2 km) , og kom i mål på 5.43. På 2,5 km-løypa var det Stine Fiske som fekk bestetida på 7,23, medan Gine Fugelsøy fekk bestetida på 5 km-løypa. Her kan du sjå heile deltakar – og resultatlista.
Arrangøren fikk mykje skryt både for fine løyper og for raskt og effektivt arrangement – som gikk prikkfritt.
Nedafor finn du eit bildegalleri med mange bildeglimt frå laurdagens sonerenn på Vang skistadion. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal