Da har vi fått bekrefta at årets første laks er komen i land – det skjedde i Raudåhølen, og den heldige fiskaren er Svein Skei som fiskar på Todalshytta. Laksen var på 3,2 kg, vart gjenutsatt, og får dermed ein ny sjanse til å fullføre sitt oppdrag i Toåa.
Som sagt er dette årets første laks og det er vel ikkje overdreve å seie at den har vore venta på. No blir det stor spenning for om dette betyr eit vendepunkt ettersom det har teke tid å kome i gnag med årets laksesesong.