Den aller første fotballkampen på Bordholmen bekreftar at noer vinteren over og det er vår. Dagens kamp var ein privatkamp mellom Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen (G19) og Søya-Todalen (A-laget). Her var det ungdommane (G19) som trekte det lengste strået og vann 2-0 over A-laget. Første omgang var det lite som skjedde, og det var knappast nokre skot mot mål. Men i andre omgang kom G19 gjennom og fikk inn 2 mål, med scoring av henholdsvis Marcus Lundqvist (1-0) og Jon Kjetil Gagnat (2-0).
I neste omgang er det seriekampar som står for døra. 2. mai møter G19-laget Clausenenga i Kristiansun den 25. april. Neste kamp på Bordholmen blir kamp mot Surnadal den 2. mai kl 19. Vi gler oss på fortsettinga!
Nedafor finn du nokre bildeglimt frå kampen. Alle foto: Jon Olav Ørsal