Frode Grønmyr gjekk til topps i konkurransen om «Årets bilete» i Todalen.no. Med biletet «Nordlys over Romådalen» sikra han seg førstepremien som var ei innrama forstørring av det flotte biletet. Det var styreleiar Stig Husby i Todalen.no som overrekte premien på årsmøtet til Todalen.no, og han sa at det var eit bilete som utmerka seg i konkurransen, der dei 12 månadsvinnarane var kandidatar i avstemminga om årets bilete.
På årsmøtet var det vanlege årsmøtesaker som stod på agendaen, og møtet var fort unnagjort med gjennongang av årsmelding, rekneskap og val. Årsmeldig viste at det er stor aktivitet i laget som har 29 lag- og organisasjonar, samt 29 komersielle medlemar som eigarar. I tillegg har Todalen.no heile 265 støttemedlemar som er med og bidreg litt til ein nøktern økonomi. I sum gir dette eit lite overskot i fjorårets rekneskap. Både årsmelding, årsrekneskaå og revisjonsmeldinga varg einstemmig godkjent.
Neste sak på på agendaen var val, der både styreleiar Stig Husby og tre styremedlemar som var på val – Karin Åsbø, Bjørn Gunnar Ansnes og Sondre Halset tok attval. Ragnar Halle kom inn som ny i valkomiteen for 2 år og Knut Bergli tok attval som revisor i laget. Siste sak var kontingenten for 2026 som er sett til kr 2000,- for lag, og organisasjonar og kr 3000,- for komersielle medlemar – støttemedlemar kr 200,-.
Litt statistikk til slutt – sia starten i 2009 har Todalen hatt heile 5.788.481 besøkande på nettsida med tilsaman 11,7 mill. sidevisningar. Av besøkande på nettsida er det heile 74% som brukar telefon og nettbrett og 24 % som brukar PC/lap top.