Laurdag fekk Kjetil Sogge, litt forsinka, overrekt premien for «Årets Bilde 2010». Han fekk ein innrama versjon av vinnarbiletet «Frostrøyk» som premie. «Frostrøyk» vart ein suveren vinnar i sluttfinalen, men det var like vel mange sterke konkurrentar i konkurransen. Vi gratulerer vinnaren Kjetil Sogge.
Vi i redaksjonen er imponert over kor mange flotte bilde vi får inn til «Dagens bilete», og vi håper sjølvsagt at dette fortsetter utover 2011, og vi trur at det kjem mange flotte motiv no når kveldane blir lengre og det blir betre fotolys.
Vi oppfordrar alle til å sende inn bilde som dere likar og som dere tykkjer kan høve som dagens bilde og til konkurransen om månadens bilde.