Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arboretet opnar for publikum

Jon Olav Ørsal Sundag 11. mai 2025

Frukthagen har fått mykje merksemd dei siste åra – dei eldste frukttrea i hagen nærmar seg 100 års alder, og hagen er no restaurert og langt på veg komen komen i den standar den hadde da Halvor og Ane dreiv på.  Hagen er no nasjonal klonsamling for frukttre, og her vil du finne mange gamle sortar av eple-, pære-, kirsebær- og plommetre.  Katharina har enno 25% stilling for å jobbe med dette prosjektet og driv no med rapportskriving for klonarkivet.  

No kjem fruktblomstringa for fullt seier museumsgartner Patrick Nilsen i arboretet. Foto Jon Olav Ørsal

Patrick Nilsen som er museumsgartner i Svinviks arboret er ny i denne jobben – han kjem frå Ringve Botaniske hage, der han har vore i 11 år.  «No har eg fått drømmejobben», seier han og fortel at han stortrives i jobben. – Eg er å leine om det som skal gjerast, men har hatt mykje god hjelp i Ola Bruset 

Du kan delta på plantequiz i arboretets hage. Foto Jon Olav Ørsal

Kafeteriaen er no i starten open berre på helg, men frå 25. juni til 3. august vil den bli open kvar dag frå onsdag til søndag i tidsrommet 11 – 16.  To blide damer var på plass i dag, og sørga for at årets første besøkande fikk litt forfriskingar.  Det var Maria Bergli og Ylva Gjeldnes som serverte kaffe og eplekake – seinar skal dei også ha med seg Helene Harper i kateteriaen. 

To blide damer i kafeteriaen – Maria Bergli og Ylva Gjeldnes – seinar vil dei også få med seg Helene Harper. Foto Jon Olav Ørsal

Kom frå Orkanger
4 av dagens første gjestar kom frå Orkanger, og tykte det var godt med kaffe og eplekake før dei starta runden i arboretet. Med det fine været var det godt å få uteserveing der bord og benkar er plasserte ut i hagen utafor kafeterian. 

Kom frå Orkanger for å sjå arboretets hage – frå venstre Knut Ingdal, Anne Rø Ingdal, Aase Smaavik Rø, Asbjørn Rø. Asbjørn er forresten gammel Rosenborgspelar. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 11. mai 2025, 12:23