Laurdag opna arboretet dørene for ein ny sesong, og vi stakk innom for å sjå på Rododendronblomstringa. Og jammen var nokre flotte rododendronar som alt stod i full blomstring, men med varmen kjem nok rododendronblomstringa for fullt. Og det blir mykje rododendronblomster i år seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinvika og som tok i mot oss saman med Maja Frønes som er leiar for arboretet.
Vi vart med på ein liten runde rundt i arboretet, og det er eit hav med blomsterknoppar på rododendronbuskene. På spørsmål om når blomstringa når toppen, så får vi som svar at det er det vanskeleg å vite. – her skjer det endringar kvar dag no, og temperatur og vêr er avgjerande for blomstringa. Vi har 3-400 forskjellige sortar som kjem i blomstring til forskjellig tid, så har blir det no blomstring i lang tid framover, seier Katarina.
Ho fortel også at det jobbar mykje med den gamle frukthagen, og vil i løpet av 3-4 år revitalisere frukthagen i arboretet. Her blir det etter kvart over hundre forskjellige fruktsorter, og vi vil hente fram igjen fleire gamle sortar som nærast er glømt. I ettervinteren har vi poda og gjort klar fleire sortar som skal plantast ut, og det arbeidet kjem vi til å fortsette med i fleire år.
Nytt i åre er også peonbedet – det er kanskje litt beskjedent i år, men skal etterkvart bli ein attraksjon, og det har vi planlagt skal være med og utvide sesongen ved arboretet, seier Maja. Etter kvart skal vi få fram att mange fine og gamle sortar etter kvart. – Ho legg til at dei har sal av flerie typar rododendron og tradisjonelle norske staudar.
Og sjølvsagt er det mykje god å få kjøpt i kafeteriaen – vi lot oss friste med eplekake og is, og det smakte fortreffeleg. I kafeterian er det Hilde Staveli Solli som er leiar, men med seg på laget har ho Maren Saltrø og Kari Forslund – blide jenter som er verdt eit besøk.
Arboretet er ope onsdag til søndag kl 11 – 16, og same opningstid for arboretet og kafeterian.
Bildegalleri frå arboretet – alle foto: Jon Olav Ørsal