Soknerådet hadde is i magan og arrangerte friluftsgudsteneste i Svinviks arboret. Men det var ikkje så lenge etter at gudstenesta var ferdig, før dei første regndråpane gjorde sitt inntog. Det har faktisk vorte faktisk tradisjon å arrangere friluftsgudsteneste i arboretet, og i år var det faktisk eit trettital som kom og vart med på gudstenesta.
Soknerådet hadde rigga til med både alter og kors framfor inngangen til kafeteriaen, og messingklokka var hengt opp i eit tre like ved, og som vanleg var det John Moe som sørga for ringinga. Bernt Bøe var dagens organist, og hadde med seg det eit lite el-orgel som gjorde nytta godt. Improvisere måtte også Randi V. Bøe som var hyra inn som tekstlesar/klokkar på sparket. Suknepresten i Surnadal, Vidar Rygh var vikarprest for høvet denne dagen. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet – vil du vere med og bidra så kan du framleis vippse til 506908.
Etter gudstenesta vart det servert kykjekaffe, og det vart tid for å slå av ein prat før folk snudde nasen heimover igjen.