Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arbeider for ei trygg og triveleg nyttårsfeiring

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. desember 2024

Det har vore ein lang tradisjon for ungdomane i Surnadal å treffast i rundkøyringa for å skyte opp rakettar – i fjor kom feiringa ut av kontroll, og det enda med alvorleg personskade og eit par førelegg i ei sak som enno ikkje er ferdig. Etter at nyttårsfeiringa vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere tiltak for å betre kulturen med bruk av fyrverkeri i samband med nyttårsfeiringa.

Gruppa har vore leia av varaordførar Annett Ranes, som har med seg brannsjef Tor Arne Moen og Hans Christian Hårstad frå Surnadal brannvesen, Tor Hansen frå politiet, Live Aakvik i ungdomsrådet, ungdomskontakt Kristin Børset, Marit Meisingset som er fagleiar psykisk helse og leiar for Natteramnane Kristin Moen Sæterbø.
Dei fann fort ut at det ikkje var forbod som var løysinga, men heller å legge opp til samarbeid og informasjon som den beste løysinga på kort sikt.  Dei tykkjer også at rundkøyringa er godt egna til oppskyting av fyrverkeri etter som den ligg eit stykkje unna bustader.

På årets nyttårsfeiring i rundkøyringa vil det bli både politi og brannvesen til stades i tillegg til at Natteramnane vil delta.  Arbeidsgruppa vil også oppfordre foreldra om å ta ansvar, og ta ein prat om reglar og farar med bruk av alkohol og fyrverkeri.  Etter årets nyttårsfeiring skal arbeidsgruppa evaluere arrangementet og satsar på å fortsette arbeidet vidare utover året. Det er viktig at dette arbeidet forsett no, slik at det ikkje berre renn ut i sanden, sa Annett Ranes til slutt

Publisert: 19. desember 2024, 11:09