Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arbeider for å trygge fred og friheit…..

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. november 2016

Indre Nordmøre forsvarsforening (INF) har rundt 60 medlemar rundt omkring i kommunane på Indre Nordmøre. Dei er ei av rundt 70 lokale forsvarsforeningar som er tilslutta Norges forsvarsforening. Foreninga er upolitisk og nøytral, men arbeider for å trygge fred og friheit, og foreninga på Indre Nordmøre er faktisk ei av dei mest aktive her i fylket.  Neste veke får foreninga besøk presidenten i Norges forvarsforening Lars Myraune, som kjem til Surnadal for å halde foredrag om dagens sikkerheitssituasjon og om hybridkrigføring.

Mange har sikkert lagt merke til at US Marines skal stasjonere 335 soldatar på Værnes i Nord-Trøndelag. Denne utplasseringa av soldatar er eit resultat av ei nedbyggjing av det norske Forsvaret. Det har nemleg vore liten fokus på forsvaret av Noreg dei siste åra, og ein kan faktisk stille seg spørsmålet om vi har vorte litt for naive. Rett nok har vi vore gjennom ein periode med nedrustning, men vi har også opplevd at det er stadig meir sabelrasling rundt om kring oss, uten at vi let oss merke med det.

larsmyraunet_norikr

Cyber- og hybridkrigføring er interssante tema som Lars Myraunet kjem til å sett fokus på i Surnadal neste veke. Foto: INF

Det siste som har skjedd no er at regjeringa har kome med forlag om å leggje ned HV11, som har base på Setnesmoen ved Åndalsnes. Dette er basen for det lokale forsvaret her i fylket og det Heimevernet vi kjenner godt.  INF skal ha mykje av æra for at politikarane har fått motstand i dette spørsmålet da det kom på banen. No ser det kanskje ut for at Setnesmoen og HV er redda i denne omgangen, men dei har ikkje starta feiringa enno. På same måte opplever vi at Putin truar med at Værnes blir bombemål no som ameriskanske soldatar blir utplasserte der i tida framover.  Vi kan også nemne det som skjedde på Mongstad nyle, da ein tilsett i eit indisk datafirma stoppa produksjonen ved å trykkje på «feil knapp».

Vi trur at Lars Myraune har mykje interessant å fortelje oss, for cyber- og hybrid krigføring trur vi blir intersante tema når han kjem til Surnadal måndag 14. november. Da skal han først måte elevane på Surnadal Vidaregåande skule kl 8.10 på morgonen, og så er det ope møte i Svorkasalen kl 19.00.  Her blir det høve til å stille spørsmål til Myraune.  Kva skjer egentleg ute i den store verda – noka av det vil du få svar på denne kvelden! Alle er velkomne på møtet.

 

Publisert: 8. november 2016, 10:00