I Svinvikstunellen er arbeidet i gang med å skifte lysarmaturar til LED-lys. Arbeidet starta i går, og vil fortsette til arbeidet er ferdig. Trafikken blir regulert manuelt, og det blir bruka ledebil gjennom tunellen. Det må påreknast litt ventetid for å kome gjennom tunellen.
Det er elektrikarar som er i arbeid i tunellen, og det er bruka 2 liftar i arbeidet med å skifte ut dei gamle armaturane med nye straumsparande armaturar med LED-teknologi. Skal du rekke ferge, tannlege eller anna timeavtale så er det nok lurt å starte i god tid. Det kan fort bli nokre minutt ventetid.