Etter tre dagar med klubbmeisterkap for Surnadal I.L. Alpin er det tid for å spare på det som er att av snø, for å sikre at det blir att litt skiføre til påska. Derfor stenges anlegget frå måndag-torsdag denne veka. Etter plana blir det reopning av anlegget på laurdag, – alpinsetret kjem med ny info når palmehelga næramr seg.

I helga var det klubbmesterskap – her er vi klare for utdeling av velfortjente pokalar og medaljer. Foto: Jon Olav Ørsal
Det var fine forhold i løypene sist helg, men dersom det blir mildvær dei neste dagane så er driftleiar Geir Magne Haugen redd at det går hard ut over snøsålen i målområdet. haugen fortalte at dei kan takke kunstsnøanlegget for at det er snø att i den nederste delen av løypa. Så får vi berre håpe at den ikkje tinar bort før påsketrafikken er unnagjort.

Det var iallfall fine forhold i alpinanlegget laurdag, under klubbmeisterskapet. Foto: Jon Olav Ørsal