Onsdag 9. mai kl 19.00 inviterer Surnadal demensforening og helselag til ope møte om demens på kantina på Surnadal Vidaregåande skule, fortel ledar Liv Botten til Todalen.no. Da kjem skodespelaren Monna Tandberg på besøk for å ha ein samtale med møtelyden om det å leve saman med ein person som har fått diagnosen demmens. Bakgrunnen for det er at sambuaren hennar Lars Andreas Larsen har fått Alzheimer, og ho vel gjerne dele av erfaringane ho har gjort.
Det er gratis inngang til møtet og gratis servering, men det blir ei lita utlodding der det blir høve til å yte eit lite bidrag dersom du ønskjer. Her finn du plakaten. Alle er velkomne til møtet!