Laurdag inviterer Surnadal Brannvesen avdeling Todalen til åpen brannstasjon frå klokka 12 og til 15 i sine lokaler på Kvendset. Brannvernveka er ein landsomfattende informasjonskampanje i uke 38 som arrangeres av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap og If Skadeforsikring, saman med brannvesen og el-tilsyn over hele landet.
Alt i alt er 350 brannstasjonar over heile landet er åpne for publikum denne dagen. Også i Todalen, på Kvanne og i Surnadal. Her blir det rå å få sitje på brannbil, prøve seg på ulike spørsmål rundt brann og ikkje minst kanskje få prøve å sløkkje ein liten brann.
Hensikten med kampanjeveka er nemleg å auke kjennskapen til brann og brannvern både hos store og små.
Omsorgsberedskapgruppa i Todalen Sanitetsforening stiller med servering til alle som tek turen innom. Og brannkarane lover spennande effektar til utdeling…
.