I morgon inviterer Surnadal brannvesen avdeling Todalen til åpen brannstasjon frå klokka 11 til 14. Dette er ein årleg begivenheit i anledning Brannvernveka som er denne veka og gjeld naturleg vis alle dei tre stasjonane i kommunen; Kvanne, Todalen og Røtet.
Brannvernveka sitt hovudfokus er å forebyggje brann, og dette har derfor vore tema både i barnehagen og skulen denne veka. Det lokale brannmannskapet håper derfor at mange små og store tek turen innom brannstasjonen og helser på brannmennene og ser på alt utstyret som er på stasjonen. Det blir garantert rå å få prøve sirena også!