Onsdag morgon var ei gruppe AP-politikearar på snarvisitt på MøreTre for å få info om stoda for den mykje omtala royalsaka som har versert dei sista halvanna åra. Gruppa var nok på valkampturne i området og fatta altså interesse for denne viktige saka mange kan bli berørt av.

Terje Talgø fortalte om familiebedrifta Talgø, der Terje er 4. generasjon og Thore Talgø var første generasjon. Foto: Jon Olav Ørsal
Det var konsernsjef Terje Talgø som orienterte om familiehistoria i Talgø-konsernet, der Terje er 4. generasjon og som innleia om royalsaka som har fått så mykje merksemd dei siste åra. Bjørn Hauglann som er salssjef i Talgø MøreTre gikk meir i detalj om royalsaka som no er meir fastlåst enn nokon gong, og som har tvinga Talgø til å stevne staten for å prøve å vinne fram på ein rettferdig måte.
Royalsaka gjeld klassifiseringa av royalkledninga som Talgø MøreTre og berører 30-35 av totalproduksjonen til Talgø MøreTre, så det er ei vikig sak å få ei rettferdig klassifisering på. Dei siste åra har det vore gjort mange testar – både eigne testar og uavhengige testar, men framlis står denne saka i stampe, sjølv om Talgø MøreTre har knytt toppfolk på både jus og teknologi/kjemi til saka for å finne ei rettferdig løysing.