Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

AP er klare til å starte valkampen

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2015

Vi har på følinga at den politiske aktiviteten aukar dag for dag no, etter kvart som våren kjem og sommaren  nærmar seg. Arbeiderpartiet samla sine listekandidatar i Brusetmarka tysdag kveld – først for fotografering hos StudioSaksen, og etterpå til samling på Gammelfabrikken. Der var det temakveld – først med orientering om Talgøkonsernet i fortid, notid og framtid og etterpå ein interessant gjennomgang av interessant fylkesstatistikk.

Valkampleiar Mons Otnes presenterte interessant fylkesstatisikk for listekandidatane.  Foto: Jon Olav Ørsal

Denne delen av underhaldninga var det konsernsjef Terje Talgø og Mons Otnes som stod for – sikkert mykje informasjon som etter kvart kan bli nyttig både i valkampen og seinare for mange. Mons Otnes var tidlegare på dagen valt til kampanjeleiar for årets valkamp. Lilly Gunn Nyheim sakna vi, men ho var i Oslo og snakka varmt for Nordmøre og Surnadal om politireformen.

Tidlegare i vinter «fridde» til dei politiske partia om å tegne medlemskap i Todalen.no, og lokka med at vi skal ta ein runde med kvart av partia for å presentere programma dei har for valkampen. Fleire parti har «meldt seg på», og så snart programma er klare kjem vi nok på banen med partia i tur og orden.

 

Publisert: 8. april 2015, 23:00