Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Antons Timbershow på Byggmakker

Antons Timbershow på Byggmakker

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2012

Tirsdag kveld inviterte Byggmakker Surnadal til Guttas kveld ved butikken i Surnadal. Det var først og fremst ein informasjonskveld for interesserte kundar, og dei hadde og fått fleire leverandlørar til å stille opp for å demonstrere og vise fram sine produkt. Av lokale utstillarar deltok Sveen Auto og Slatlem med «snekkarbilar», medan MøreTre viste fram sine MøreRoyal-produkt og terrasse- og hageprodukt i OutLiving-kolleksjonen.

Guttas kveld vart runda av med Antons Timbershow, der Olav Antonsen slo seg laus både med økskasting, tømmerhogging og ikkje minst eit forrykande motorsagshow som imponerte dei 70-80 frammøtte. Her kan du lese meir om showet til Antons Timbershow.

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri frå Guttas kveld på Byggmakker Surnadal.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 20. april 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 19. april 2012, 23:05