Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ansnesvegen – pass deg for synkehol!

Jon Olav Ørsal Måndag 31. mars 2025

På den kommunale Ansnesvegen – rett utafor Todalsøra – er det eit synkehol i vegen. Det ligg midt på vegen ved Innerbaugen, og kan være skummelt både for bilar og syklistar – og ikkje minst for fotgjengarar.  

Truleg er det vatn som har laga synkeholet ved Innerbaugen. Foto Jon Olav Ørsal

Holet har ein diameter på mellom 20-30 cm og er ein god 50-60 cm djupt og bør nok få eit faremerke og bør reparerast så snart som muleg.  Det er uvisst kva som er grunnen til at holet har oppstått, men det har vore mykje regn i det siste og det kan være vatn som har gravd ut holet.  

Publisert: 31. mars 2025, 15:43