Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ansnessaga: Skade for fleire millionar etter «Dagmar»

Ansnessaga: Skade for fleire millionar etter «Dagmar»

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2011

Det ble alt anna enn juleferie for Palmer Vikan og Ivar Bolme ved MøreTres anlegg på Ansnessaga. Dei har drive med verdisikring og opprydding etter Dagmars herjinger gjennom heile romjula. Konsernsjef Terje Talgø seier til Todalen.no at det nok er gjort skade for fleire millionar etter stormens herjingar ved anlegget på Ansnessaga. Det mest synlege er nok at det meste av taket på materialtørka og ferdigvarelagret er borte, men det er mange skadar på bygningane og mellom 250 og 300 kubikk med tømmer er spredd innover heile stranda til Kvennsetøran.

Kjem det snø no, blir det livsfarleg å ferdas på sagområdet, seier avdelingsleder Palmer Vikan ved Ansnessaga. Spesielt tenker han på restane av taket på tørke- og ferdigvarelageret som står att. Det ser ut til å være såpass skadd at heile bygninga sannsynleg vis må rivast. Kjem det snø på taket her, så blir det livsfarleg å ferdast i nærleiken. Det same gjeld taket på fabrikkbygninga, der det vart slege hol. Vi har ingen garanti for kva takkonstruksjonane tåler, seier Vikan.

Vikan seier at dei første dagane på nyåret vil gå med til å gjere ferdig sikrings- og oppryddingsarbeidet. Rett over nyttår ventar han hjelp frå Skog-Kompaniet til opprydding av rotvelter og dei skal også prøve å samle inn de 250-300 m3 med tømmer som er spredd innover stranda fra Ansnessaga og innover til Kvennsetøran. Det vil nok ta noko tid før vi er i normal drift igjen, seier Vikan.

Palmer Vikan advarer folk mot å ferdes i området, da det enno ikkje er tilstrekkeleg sikra.

Først publisert: 30. desember 2011, 15:50 - Sist oppdatert: 2. januar 2012, 20:33