I dag startar arbeidet med bygginga av Toåa Tursti, som er prosjektert frå Trøbakkan til Båthølen og vidare nedover til Halsabrua. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og er altså i gang med å etablere transportveg frå Trøbakkan og ned til utløpet for Haukåa der det etter kvart skal bli uttak av masse frå Toåa.
Dette arbeidet hastar det å kome i gang med, for det er frist til 15. september med uttak frå elva på grunn av gytesesongen for laksen i Toåa. I første omgang er det ei gravemaskin som er på plass, men etter kvart blir det fleire maskiner som settes inn i arbeidet med turstien, seier Per Gjeldnes. Arbeidet er også i gang med den siste skogryddinga på traseen ned til Båthølen.