Torsdag var det kaffelag og ferieavslutning på Talgø. Da vart det også markert at Anders Todalshaug går over i pensjonistenes rekkjer, med gåve frå Talgø Møbelfabrikk og blomsterhelsing frå alle tilsette. Anders hadde sin siste ordinære arbeidsdag denne veka, og blir formelt AFP-pensjonist frå 1. august.
Anders har hatt sin arbeidsplass på Talgø i to periodar. Han var først tilsett frå 1973 til 1976, da han starta eiga verksemd i transportnæringa. Frå 1991 og fram til i dag har han hatt sin faste plass i maskinverkstaden på Talgø, der har har vore innom dei fleste maskinane.