Anders Moe har framleis trua på at han skal finne att Natiri, sjølv om håpet etter kvart går meir over i håplausheit. Det er no 9 dagar sia shibaen Natiri forsvann som dugg for sol, da dei var på tur til Vassnebbvatnet og Rambjøra. I mellomtida har det vore leita etter Natiri – både i området rundt Styggdalen og Litjfjellet, utan resultat.
Anders har vore ute på leiting mesta kvar dag – både i området der ho forsvann, og etter kvart i eit meir utvida leiteområde som går innover i retning Skihytta og utover mot Ansnessetra og til Vassnebbvatnet. Det har til og med vore bruka drone med varmesøkande kamera – heilt utan resultat, Natiri er sporlaust forsvunne. – Anders har faktisk logga rundt 10 mil på leiting etter Natiri – i dag nyttar han regnvêret til å kvile kroppen litt. Men onsdag er det på’n igjen fram til helga. På Ålvundeidet og innover mot Innerdalen har det vore organisert sauleing i helga, men ingen funn er gjort. I dag startar småviltjakta, og da er det mykje folk i fjellet – det gir kanskje eit lite håp, seier Anders.
Men Anders innrømmer at håpet blir mindre for kvar dag som går, men uansett vil han prøva å finne Natiri og få klarheit i kva som har skjedd. Natiri skal være lett å legge merke til, for ho er kledd i eit orange og sølvfarga dekken. Anders sett stor pris på at du gir han eit hint dersom du har sett eller høyrt noko som kan være med og løyse mysteriet og at Natiri kan finnast att enten levande eller død.