Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Andelodd blir til tursti langs Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mai 2018

I dag satt Michal Heimlund standhaftig og bydde fram andelodd til folk som var innom Matkroken i Todalen. For ein hundrelapp er du med på trekninga på Surnadal Jeger & Fisks andelotteri som har trekning under Laksefestivalen seinare i vår.

Og pengane går slett ikkje i den store sluken fortalte Michal som kunne berette at 25% går til 1.-premie i lotteriet og resten av inntekta går til lokale formål og er øremerka tiltak for tilrettelegging til jakt og fiskeaktivitetar for allmennheta.

Vi har høyrt rykte om at styret i Surnadal Jeger & Fisk har ønsker om å bli med på prosjektet «Tursti langs Toåa», og det bekreftar leiaren i SJFF Ove Magne Aasen. SJFF har styrebehandla dette og bestemt seg for å være med på bygging av gapahuk og elles tilrettelegge for fiskeplass med universell utforming og som dermed kan brukast av alle. Til sammen vil dei støtte prosjektet med 100.000 som er midlar frå 2017-sesongens andeløp. – Vi tykkjer dette er eit artig prosjekt og sett pris på lokalt initiativ. Vi har mange av medlemane våre i Todalen og andre grender, og er ei forening for heile kommunen, seier Aasen.

Det vil seie at SJFF går inn som partner og får med ein person i prosjektgruppa. Det blir Gøran Bolme, som representerer styret og han har erfaring med slike anlegg frå tidlegare gjennom iTrollheimen.  Dette gler vi oss til, seier Ove Magne Aasen til Todalen.no

Dermed kan vi vel oppfordre til å kjøpe lodd, og Michal blir nok sittande med andesal fleire dagar – for det er 2000 ender som skal få ny eigar før dei blir sleppte i Surna under Laksefestivalen seinare i vår.

Publisert: 31. mai 2018, 17:15