Heile etterjulsvinteren har det pågått kvalifisering til den stor sjakkfinalen som var tillyst i Ungdomshuset 2. påskedag. Gruppespelet har pågått når sjakkgruppa har hatt søndagstreff i Kaffekroken på Halsbua, og det har vore knytta stor spenning til kven som ville kome til finalen. Dei siste finalistane var klar først nokre dagar før påske og det vart altså spela både bronsefinale og gullfinale denne kvelden.
Det var lett nervøs stemning i Ungdomshuset da finalistane møttes kl 19.00, men så snart dei kom i gang var spenninga utløyst. I bronsefinalen møttes Bernt Venås og Kristoffer Nordvik, medan gullfinalistane var Brage H. Talgø og Amund Talgø. Første bronsefinalekampen vart fort avgjort, med seier til Bernt Venås. I gullfinalen var det Amund Talgø som trekete det lengste strået etter på tempen av kampen.
I andre omgang var det forholdsvis jamnt i starten for begge finalane, men også denne omgangen vart resultatet det same. Først avgjort var gullfinalen, der altså Amund vann mot Brage. I bronsefinalen gikk det litt lengre tid, men til slutt måtte kristoffer gi tapt mod Bernt. Dermed var begge finalane over i løpet av eit par timar og rekkjefølgen etter vinterens sjakkturnering som følger:
- Amund Talgø
- Brage H. Talgø
- Bernt Venås
- Kristoffer Nordvik
Sjakkgjengen planlegg eit par søndagskveldar til i Kaffekroken før dei tek endeleg sommarfeie. Det blir søndag 12. april og søndag 26. april. Deretter blir det ein lang sommarferie og oppstart igjen til hausten ein gong.
Under premieutdelinga takka turneringsleiar Trygve Halle for innsatsen, og fortalte at dei har hatt mange trivelege kveldar gjennom vinteren. Spesielt var det artig med turneringsspel utover etterjulsvinteren, og personleg har dette gitt oss mykje meir artigheit enn eg hadde rekna med, sa Halle, som alt har begynt å gle seg til neste sesong. I tillegg til finalistane var det møtt fram 10-15 publikumarar som fulgte dei to finalekampane denne kvelden.
Bilde glimt frå sjakkfinalen i Todalen ungdomshus utover kvleden 2. påskdag. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal