Ein fin avstikkar frå RV70 på tur gjennom Sunndalen, er turen opp til Åmotan og vidare utover til Vangshaugen. Laurdag vart denne turen sett på prøve i finvêret, og vi enda opp med uteservering av bacalao på KNT Vangshaugen. Med sol frå blå himmel og temperaturar godt over 20 grader vart det ein kjempefin dag.
Du svingar av frå RV 70 på Gjøra, og oppover lia til Svisdal og vidare utover Grødalen der vangshaugen ligg på 750 m.o.h. Fossefalla i Åmotan, der tilsaman 7 vassdrag møtes er litt av eit syn. Lindøla kjem frå aust, Skiråa og Reppåa fra sør, Grøvu og Geitåa frå sørvest og Svøu og Grødøla frå vest. Litt av eit syn når du står trygt på vegkanten og kikar ned.
Nedafor finn du eit lite bildegalleri fra avstikkaren til fjells. Alle foto: Jon Olav Ørsal