Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ambulansen er ankommet

Ambulansen er ankommet

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2013

I ettermiddag vart ambulanse frå Helse Midt frakta over fjorden med MS Maursund. Den er no lokalisert på Halset, klar til utrykning fortel Arnt Ivar Brøndbo. Det betyr at mannskapet frå Surnadal Røde Kors no har avslutta sitt beredskapsarbeide og i tillegg har Arnt Ivar fått avlastning av Margaret Helen Kristiansen som til dagleg bur på Halset. Ho blir vakthavande i helga, før Arnt Ivar tek over igjen når ho dreg til Averøya på jobb der mandag. Når vi forsiktig spør om korleis dette skal løysast når Arnt Ivar byrjar i ordinær turnus igjen, så seier han at han reknar med å bli stasjonert i Todalen.

Heldigvis har det ikkje vore behov for utrykning i perioden etter raset. Bilen er fullt utrusta med alt nødvendig utstur til kva slags utrykning AMK-sentralen får inn. Ambulansen blir mest sansynleg stasjonert på Halset, då det er nødagregat tilgjengeleg der, om straum og telefon forsvinn for ein periode.

Publisert: 7. august 2013, 22:11