I ei pressemelding frå ALTI og Berg Eiendom Levanger AS i dag kunngjer dei at eit selskap i ALTI, eigd av LL Holding frå Surnadal (75%) og Bigaio Holding AS frå Førde (25%) har kjøpt Magneten kjøpesenter på Levanger og tre andre selskap. ALTI kjøper desse selskapa frå Berg Eiendom AS på Levanger. Selskapa som er med i handelen er BE Moafjæra 14 AS (Magneten), BE Moafjæra 12 AS (Meny og Europris), BE Moafjæra 16 AS (Rema 1000 og Burger King) og Magneten Drift AS (driftsselskapet til BE Moafjæra 14 AS)
Det er SpareBank1 Markets som har vore rådgjevar for Berg Eiendom Levanger AS i samband med transaksjonane som har resultert i salet av selskapa til ALTI.
Magneten kjøpesenter vart opna i 1986. Senteret har utvikla seg frå eiga butikkdrift i starten til dagens driftsform med senterdrift. Senteret har vore i ei jamn utvikling sidan starten i 1986, og siste utbygging var i 2018. Senteret har i dag fleire nasjonale leigeaktørar innafor handel. Heile arealet ved senteret er i dag leigd ut.
Magneten kjøpesenter opplever ei positiv utvikling og tala ved utgangen av august i år syner at omsetninga for 2020 har auka med 8,7%, noko som er litt over 6% meir enn gjennomsnittet i Trøndelag (2,6%) og på landsbasis (2,2%).
«Moan som handelsområde øker stadig sin attraktivitet, og Berg Eiendom Levanger AS ser et stort utviklingspotensial for senteret, som de mener bør utvikles videre til neste generasjon kjøpesenter der flere tjenester og tilbud kommer i tillegg», skriv styreleiar Arild Berg i Berg Eiendom Levanger AS i pressemeldinga.
Bakgrunnen for salet er at Berg Eiendom Levanger AS ønskjer ei vidare positiv utvikling for Magneten kjøpesenter. Dette krev ein aktiv og profesjonell aktør med tilstrekkelege økonomiske musklar. Gjennom salet til ALTI føler Berg seg sikker på at dei har funne den rette eigaren som vil ha fullt fokus og søkelys på det å vidareutvikle Magneten kjøpesenter og Levanger som handelsby.
Magneten kjøpesenter vil bli forvalta av ALTI Forvaltning AS med Lars Ove Løseth som administrerande direktør. ALTI Forvaltning AS er eigd av LL Holding (80%) og Sørco AS (20%). Selskapet har hovudkontor i Surnadal med avdelingskontor i Arendal, Oslo, Ålesund og Mandal. Selskapet eig/eller forvaltar 23 kjøpesenter i Norge.
«Vi er godt fornøyd med å ha signert denne avtalen med Berg Eiendom Levanger AS. Det er med stor glede og ydmykhet vi tar over eierskap og forvaltning av Magneten, som er et veldrevet kjøpesenter. Sammen med senterledelsen på Magneten vil vi utvikle eiendommene videre, og vi tror det blir bra for senteret å bli en del av et større kjøpesentermiljø, samtidig som Magneten vil bli et positivt bidrag inn i vårt fellesskap i ALTI», seier Lars Ove Løseth.