I går kveld arrangerte Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å ta siste finpussen på anlegget før Todalsdagen laurdag 1. juli. I tillegg hadde nokre damer installert seg i ungdomshuset for å lage grillspyd og tillbehør til grillinga. Som vanleg på dugnad, så var det mange som møtte opp, slik at arbeidet vart fort ferdig.

Montering av telt, som idrettslaget i år håper å bruka til solskjerming i staden for ly mot regnet! Foto: B G Ansnes
Polygon vart ferdige med rundvasken av klubbhuset i går, så da var det å få på plass at alle tinga som var lagra ute. Det vart også montert hyller i det nye kjølehjørnet.
Fleire har dei siste dagane slått gras rundt om på anlegget, så i går kveld var det berre siste finpussen som sto att. Party-teltet vart montert og fylt med bord og stolar. Elles var det mange andre småting som vart utført, slik at anlegget no er klart til Todalsdagen.
Og i ungdomshuset var det altså førebuingar til grillinga på laurdag. Damene rakk til og med å bake kake og koke kaffe som dei serverte dugnadsgjengen på Bordholmen.
Da er er alt klart til Todalsdagen 2023, så da er det berre å ta turen i morgon!