Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alt klart til Søyacupen 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. august 2023

Laurdag er det klart for kommunen sin desidert største fotball-cup, når IL Søya inviterer til Søyacupen 2023. Cupen startar klokka 09:30 og er ferdig rett før 17:00 på ettermiddagen. Det er i år 69 påmeldte lag, og det skal spelast 103 kampar. 

Leiar i Fotballgruppa i IL Søya, Leif Magne Andersen, kan fortelje at det er spelarar i aldersgruppa 6 til 12 år som skal spele dei 103 kampane. 6 og 7 åringane spelar 3-erfotball, 8, 9 og 10 åringane spelar 5-erfotball og 11 og 12 åringane spelar 7-erfotball. – Spesielt gledeleg i år, er at vi har funne plass for 7-erbanar, slik at desse får eit godt fotballtilbod, seier han.  

I tillegg til fotballen vil det vere mogleg å prøve lykka på fotballykkehjulet, som dei har fått lånt av SpareBank1 – Nordmøre.

Det vil vere open kiosk med sal av bakels med graut og mange andre godsaker, og sjølvsagt hamburger med tilbehør frå grillen! 

Vêrmeldingane for laurdagen ser ut til å vere på arrangørane si side, sjølv om det er fare for ørlite nedbør etter klokka 14:00. Temperaturmessig er det i alle fall perfekt for fotball! 

Kampoppsett Søyacupen 2023

IL Søya ønsker alle velkommen til Søyacupen 2023!

 


Medlem i Todalen.no – 


 

Publisert: 23. august 2023, 13:19