Øramartnaden har, med unntak av i 2020 på grunn av nedstenginga i samband med covid, og i fjor, vore arrangert kvart år sidan 2007. På ein pressekonferanse førre tysdag vart programmet for årets utgåve av Øramatnaden pressentert, da hadde arrengementskomiteen nemleg invitert pressa til Surnadal Billag på Surnadalsøra.
I år blir Øramartnaden arrangert laurdag 29. juni klokka 11:00 – 17:00 og søndag 30. juni klokka 12:00 – 17:00. Båe dagane foregår arrangementet på Surnadalsøra. Det har så langt meldt seg knapt tretti deltakere til bodene, men det er framleis nokre få boder att!, så det er framleis mogleg å få meldt seg på for å få ei bod.
Øramartnaden er ein tradisjonell martnad som presenterer diverse produkt laga av handverkarar. – Avsett tid og besøk martnaden og støtt lokale håndverkere, er oppfordringa frå arrangementskomiteen.
Det er Surnadalsøra Velforening som arrangerer Øramartnaden. Meir informasjon om martnaden på med mere kan nås på deres facebook side Surnadalsøra Velforening Surnadalsøra Velforening sine Facebooksider. Øramartnaden er i år ein del av Midtsommer i Surnadal