Laurdag føremiddag vart anlegga til Todalen Vinter-Leker 2018 klargjort til storinnrykk av utøvarar i alle aldre til i morgon. Skøytebanen er målt opp og merka, skiskyttarspora er kjyørt opp, skytebanen er testa, curlingblinken er merka og curlingsteinane er testa.
Det er også sett opp mål på ishockeybanen, og kanskje det blir ein kamp ellet to. Ellers er det kjørt fram benkar til å sitte på og båltønna er satt fram.
Todalen IL ønsker dermed store og små velkommen i morgen søndag 4.februar.Bakelsrøra er nok nesten er ferdig også,slik at kaffe og bakelssalget kan starte kl 12. Øvelsane startar kl 13. Dette er øvelser som passer for barn fra 1-110 år. Og med fine vêrmeldingar med sol, nokre kuldegrader og vindstille blir dette eit fint arrangement.