Arve Evensen er vertskap på Todalshytta for andre sesongen, og er alt no i gang med booking av årets sommarsesong. Arve opplever travle dagen med oppgradering av hytta, og må være i mål før sesongen startar – det nye kjøkkenet er alt på plass og klar til bruk. Arve fortel at han opplever stor usikkerheit i samband med koronasituasjonen og har enno unngått booking av utanlandske kundar. Endring av reglement skjer ofte kortsiktig, og det gjer at situasjonen blir veldig usikker og vanskeleg å handtere.
Spent er eg også på korleis det nye opplegget med rotasjonsfiske blir motteke av laksefiskarane. Det er nemleg nytt i år, og foreløpig ei 2-årig prøveordning. Men med vettuge forvaltningsregler for fisket, så kan eg ikkje sjå anna enn at dette blir bra, både for fiskarane, elveeigarane og for lokalsamfunnet.
Laksefisket i Toåa startar 15. juni og varer til 15. august – med ein midtsesongevaluering i midten av juli. I år er det plana å markere starten på Todalshytta kvelden før, med både mat, musikk og anna underhaldning for både laksefiskarane og andre som har lyst til å kome. Programmet er ikkje heilt klart enno, men lovar å kome med meir info etter kvart.
Som sagt har det i vinter vore travelt med oppussing og oppgradering av hytta. Enno står det att ein del arbeid, men alt arbeid skal være ferdig før sesongen startar. Som sagt er nytt kjøkken alt på plass, men det skjer oppgradering både i 1. og 2. etasje, og over påske kjem nye soveromsmøblar på plass og nye møblar både i peisestua og i spisestua. Det blir mykje nytt, men vi har samtidig vore nøye med å ta vare på «sjela» til Todalshytta slik som ho var da Lort Phillips var vertskap her. Det osar av gamal historie frå lakselordane si tid i veggane på Todalshytta. – Og når det er sagt så er vi opptekne av å halde på og vidareføre den kulturhistoriske arven med akkurat jakt og fisk som aktivitetar i fokus her på Todalshytta, seier Arve Evensen til slutt.