Som vi har omtala i ei anna sak var det eit kort straumbrot tysdag føremiddag. Det var nærast som ein generalprøve på drifta av det nye naudstraumaggregatet på Matkroken, men alt fungerte som det skulle, fortalte Terje Nordvik. Det tok berre nokre sekund før dieselaggregatet starta opp og tok til å levere straum. Austomatikken sørga for trygg omkopling, og i løpet av nokre få minutt var alt i normal drift på butikken.
Det nye dieselaggregatet leverer rund 80 kW og det er meir enn nok til å drifte både kjøl, frys, oppvarming og dataanlegget som styrer kassafunksjonen. Det er veldig kjekt å ha slik utstyr på plass når det er straumbrot, fortel Nordvik, som lovprisa denne investeringa. Sjølvsag er det mest viktig ved lengre strumbrot, for da er det lett at kjøle og frysevarer blir øydelagt. Men sjølv ved korte straumbrot er det greit å kunne kjøre normal drift når du veit at det tek berre nokre minutt før alt fungerer normalt igjen. Etter at strumen er komen att, fasar aggregatet seg automatisk ut igjen.
Det var ei investering i 100-tusenklassen, men ved god økonomisk støtte frå Merkurprogrammet sentralt og frå Svorka og Gjensidige forsikring på lokalt plan vart det ei grei investering for Matkroken Todalen, seier Nordvik.