Måndag kveld vart ein særs dramatisk og trist kveld for familien Bolme og nabolaget i Bekkerhagan. Elinor og Ivar var på Rhodos på ferietur, og var akkurat ferdig middagen da dei fekk telefon frå yngsteguten Markus, som var heime saman med hunden, om at det brann i garasjen heime i Holbakken i Bekkerhagan. Ring brannvesenet med ein gong var beskjeden Ivar gav Markus, før han la på og ringte naboen Ragnar Halle. Elinor tok på si side kontakt med Ingri Bruset, som også er nabo, for å få ho til å ta seg av Markus, fram til broren Ola kom frå Surnadal.
Markus har fått mykje skryt
Markus har fått mykje skryt, både frå naboane, brannvesenet og forsikringsselskapa, for innsatsen han gjorde da brannen starta i garasjen. Han prøvde å sløkke brannen, samtidig som han fekk varsla kompisen, som var inne i huset, meldt frå til brannvesenet og faren. Markus gjorde alt rett og tok situasjonen med fatning da han oppdaga brannen, er tilbakemeldingane frå alle.
Mange har i etterkant av den dramatiske hendinga lurt på korleis det går med Markus? – Det går etter forholda veldig bra med Markus. Han har fått god oppfølging frå kriseteamet i Surnadal kommune, og har no kome i normal gjenge med venegjengen sin, kan Elinor fortelje.
Hunden og nabohuset berga i siste liten
Tilfeldig vis var det jaktmøte hos Ragnar Halle, som er næraste nabo, denne kvelden. Da dei oppdaga brannen var garasjedelen av huset til Ivar og Elinor allereie på det næraste overtent. Da dei kom ut, ropte Markus at dei måtte sleppe laus hunden som stod i band mellom husa, så Brynjar Ansnes Moe fekk hunden laus i siste liten før varmen ville ha blitt for intens.
Det lokale brannvesenet var på staden på under ti minutt, men dei måtte i første omgang konsentrere seg om å berge huset til Ragnar. Brannvesenet frå Kvanne og Surnadal var også raskt på staden, men huset til Elinor og Ivar var det ikkje mogleg å berge, så det dreidde seg om å hindre at nabohusa og vegetasjonen rundt også tok fyr. Møtedeltakarane og andre som kom til, starta arbeidet med å bære ut verdigjenstandar og jaktvåpen frå huset til Ragnar. – Dette viser med all tydelegheit kor viktig det er med lokalt brannvesen, seier Elinor. Utan den korte responstida deira hadde huset til Ragnar heilt sikkert også blitt flammane sitt rov, legg ho til.
Forsikringsselskapa spelar på lag
Elinor fortel at forsikringsselskapa deira har stilt opp på ein framifrå måte. Dei har vore i tett dialog med Gjensidige både lokalt og sentralt og har vore konstruktive og imøtekommande frå første kontakt. – Det tok til dømes under tre timar frå vi fekk melding om brannen til vi satt i taxien på veg til flyplassen for å reise heim, fortel Elinor. – Vi har også fått god hjelp frå Fremtind forsikring til å kjøpe klær og andre ting vi treng i kvardagen, legg ho til.
Branntomta er no avsperra av politiet og forsikringsselskapa, og det er difor viktig at ingen tek seg inn i branntomta. Hovudkrana for vatn vart stengt eit par dagar etter brannen.
Brannårsaka ikkje klar
Brannteknikarar frå politiet vil i løpet av veka undersøke branntomta med tanke på å prøve å finne brannårsaka, og etter kvart ta bort sperringane og frigje tomta.
Da brannen starta var det mange som høyrde høge smell. Desse var forårsaka av mellom anna batteri, vinterdekk til bilar og ATV, som eksploderte.
Også eit gamalt skadd fyrverkeribatteri som var forsøkt levert til ReMidt for eit par år sidan, men som dei ikkje ville ta imot, gjekk av.
Taket i garasjen var kledd med eternittplater, og desse smell kraftig når dei krakelerer,
Er det nokon som lurer på ting rundt brannen, kan dei ta direkte komtakt med oss, så slepp vi at det florerer unødig feilinformasjon, seier Elinor.
Rørande omtanke
Elinor og familien har opplevd ein stor omtanke frå familie, naboar, sambygdingar og andre. – Vi har fått mykje omtanke i dagane etter brannen, og det gjer veldig godt, seier ei litt rørt Elinor. – Folk har tilbode oss klær, utstyr og anna hjelp, legg ho til.
Sako har fått hundeutstyr frå sine nye firbeinte vener frå Røv Mølle, Elinor har fått stikkepinnesett frå både private og Design by Marte Helgetun og Svein Åge Saksen har ordna med stor verktykasse til Markus.
Todalen sanitetsforening har organisert og samla diverse utstyr. Frå Surnadal sanitetsforening har dei fått eit gåvekort på Inter Sport til innkjøp av utstyr den første tida.
Elinor lovar å gje beskjed når dei treng hjelp framover. Første post blir berging av blomsterbedd, noko som må gjerast ganske snart. Rydding av branntomta er det Gjensidige forsikring som er ansvarleg for.
Familien bor no saman med nest eldste sonen Eivind som eig hus på Røv. Her blir dei nok buande fram til nytt hus er på plass, forhåpentleg vis til neste jul. – Ja, sjølv om både eg og Ivar er utolmodige, så må vi nok innsjå at neste jul kanskje også er i knappaste laget, men vi håper det, seier Elinor.
Beredskap er viktig
Elinor er beredskapsleiar for sanitetskvinnene i Surnadal kommune, og har alltid vore oppteken av beredskap. Denne gongen var det vi som trong beredskapen i form av det lokale brannvesen og Todalen sanitetsforening, som stilte opp med mat til brannmannskapet på kvelden og utover natta.
Hadde det ikkje vore for den lokale beredskapen som det lokale brannvesenet er ein del av, så hadde det nok godt mykje verre enn dette konstaterer ho. Alle naudetatane brann, ambulanse og politi var på plass i løpet av litt over tjue minutt, og det er tross alt raskt.
Kaffelag med naboane
Fredag kveld kom Eivind, som er trailersjåfør, heim frå arbeid. Han hadde ikkje sett branntomta før, så da tok heile familien turen til Todalen og Bekkerhagan for å sjå branntomta og for å møte naboane.
Naboane diska opp med kaffelag, slik at både familien og naboane fekk snakke ut om den dramatiske hendinga måndag kveld.
Vi mista alt, men berga det viktigaste sidan, ingen liv gjekk tapt
– Vi mista alt i brannen måndag kveld, men det viktigaste er at dei to ungdommane redda livet, og at ikkje fleire hus brann ned, konstaterer ei realistisk og reflektert Elinor.
– Huset inventaret og anna utstyr får vi att gjennom forsikringane vi har betalt, konstaterer ho. – Så sjølv om ein synes forsikringspremiane kan være dyre, ja, så har ein i alle fall att for det når katastrofen er ute, for vi har fått ei fantastisk oppfølging av forsikringsselskapa legg ho til. Elinor innser at ein del ting dei hadde ikkje lar seg erstatte, men slik er det berre konstaterer ho. Vi er allereie godt i gang med å planlegge ny heim, avsluttar ho.
Vegen framover
Eldste sonen Ola og sambuaren har nyleg kjøpt seg nytt hus, selt det gamle og skal i oktober bli foreldre. – Så det skjer da noko gledeleg også da, seier Elinor. – Vi gler oss skikkeleg til å bli bestforeldre, sjølv om alt av ferdigstrikka babyklede gjekk med i brannen!, avsluttar ho.