Det kunne Surnadal Arbeiderpari stadfeste når dei i dag la fram sine fanesaker for kommande valgperiode. Dei har sett seg mange mål framover, men ønska å sette dei store linjene i første omgang. Deretter kjem dei små, men like viktige enkeltsakene undervegs i prosessen, kan ordførarkandidat for Ap 2015-19 Lilly Gunn Nyheim fortelje. Og i alle sakene er det bolysta som skal være den viktige faktoren. Fortsatt oppretthalde bolyst for folk som allereie er innbyggarar i kommunene og ikkje minst gjere kommunen til ein attraktiv plass å busette seg i for dei som kan være mulege tilflyttarar.
Under er fanesakene som Ap presenterte:
Eldrebølgen- ikkje så dramatisk som først antatt?
Surnadal kommune har saman med ansatte i helsesektoren fått utarbeidd ein god helserapport for å kunne sjå kvar skoen trykkjer i forhold til kommande eldrebølgje. Denne viser at kommunen har det meste på stell og Arbeiderpartiet ser at dei kan møte bølgja med vissheit om at dei eldre blir, og skal fortsette å bli godt ivaretatt i kommande periode. Her nemnest vidareføring av eksisterande gode dagtilbud og fokus på rehabilitering heime som igjen gir færre år i institusjon, seier Joanna Hyldbakk.
Stabil eigedomsskatt
Varaordførarkandidat Helge Røv er klar på at eigendomsskatten dei kommande 4 år ikkje skal rørast. Ap var rett nok med å justerte denne opp i 2014, men ønsker at denne no skal fredast i valgperioden.
Kommunale vegar, samt fv65
Dette har vorte eitt heitt tema i kommunen etter at forslaget om privatisering av ein del vegar kom for ein dag. Partiet vel å lytte til dei mange høringsutalelsane som i etterkant har komme inn, og går inn for at ingen av dei foreslåtte vegane i kommunen skal privatiserast.
Fylkesveg 65 derimot må det derimot jobbast knallhardt med meiner Reidar Brøske. Denne må det snarast bli ei opprusting av, slik at den blir forsvarleg både for dagens tungtrafikk og ikkje minst med tanke på vogntog på 25,5 meter. Dette er den nest største traffikerte vegen av vogntog i fylket og sett i sammanheng med nyhavna i Surnadal er transportørane no snart desperate for å få oppgradert denne til Rv65 igjen.
Skule og barnehage
Hovedfokus i skulesakene vil i følge Egil Nedal vere å få oppstart i bygging av nye Øye skule. Dagens skule har eit stort opprustingsbehov, og elevane fortjener å få ny arbeidsplass no. Partiet er også samstemte i at arbeidsmiljø og ikkje minst læringsmiljø for tilsette og elevar er viktig. Og med læringsmiljølova i ryggen meiner dei at det da er viktig å overhalda 3-delte skular med minimum 30 elevar.
Dei ønsker fortsatt å kunne tilby rullerande inntak i barnehagane i kommunen, som det er i dag. Dette er ein viktig faktor for tilflyttarar som kjem utanfor ordinær opptak i kommunale barnehagar.