Surnadal Alpinsenter held ope i heile påska, og med det veret som er meldt framover vil anlegget få ei herleg avslutning for dei som er ivrige på slalom, telemark og anna fartsfylt akrobatikk på ski. Bakken er åpen mellom 11 og 16.

Det er også mulegheiter for å ta heisen opp til toppen, for så å benytte seg av fine forhold opp til Syltnebba, eller til Strengen om ein ønsker ein lengre tur.