Prest, konfirmanter og organist tok dei frammøtte igjennom ei hyggelig lysmesse i Todalen kyrkje i dag. Det var seniorprest Cathrine Grutle fra Tingvoll som leia messa, med god hjelp fra dyktige konfirmanter som sto for all tekstlesing og lystenning undervegs.
Grutle er omreisande vikar i Indre Nordmøre prosti, og får oppdrag når dei faste prestane rundt om i prostiet har fri eller er sjuke.
På programmet var det også dåp. Vesle Ellie Talgø-Jakobsen kvila godt i armene til tante Anikken Talgø under heile seansen fra start til slutt.
Siste post på programmet var utdeling av biblar til dei frammøtte 5. klassingene.
Dagens organist var Johanne Bjørkhaug fra Rindal. Ho fekk fram julestemninga med si nydelige avslutning fra «Tre nøtter til Askepott» som postludium. Soknerådet inviterte til ein enkel kyrkjekaffe for dei som hadde lyst til å setje seg ned og ta ein ekstra pust i førjulsstria.