Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Allsidig kinoprogram framover

Steinar Hasselø Fredag 20. april 2018

Og spennvidda er stor; frå gnomar til «genmodifisert» gorilla. Og kva skal ein seie om t.d. «The Death of Stalin», som tek for seg maktvakuumet i Sovjetunionen etter at Stalin døydde i 1953. Dette må da vere rimeleg trasige greier?

Vel, NRK, og dei andre kritikarane, finn mykje å gle seg over: «The Death of Stalin er en politisk farse som det nesten ikke skulle være lov å le av, når man tenker på de menneskelige lidelsene som ligger bak hendelsene den er bygget på. Likevel er det tidvis ubetalelig morsomt når grådige motiver hos smålige menn i mektige posisjoner blir avslørt. Den har også klare paralleller til det politiske landskapet i vår egen tid som gjør filmen smertelig aktuell.» Og til det siste; filmen er faktisk (og uforståeleg nok) forbode i Russland.

«The Death of Stalin» blir vist for første gong fredag 20. april.

 

 

Elles går det mest i action («Rampage» med Dwayne Johnson) og detektivar på gnomenivå («Sherlock Gnomes», med norske stemmer) fram til tysdag.

A quiet place

Og på tysdag blir «A Quiet Place» vist for første gong. Den fekk 6 på terningen frå NRK, som skriv at dette er «eit kjempetreff av ein spenningsfilm». Handlinga går ut på at utanomjordiske har kome med vondt i sinne. Men synet er dårleg, så dei går etter lyd for å gjera sitt til å utslette menneska. Science-fiction-elementa er ikkje så forstyrrande som ein skulle tru. Dette er meir ein rein grøssar der heller mangel på lydeffektar gjer den spennande. Gode kritikkar og vel verdt å få med seg for dei som hungrar etter spenning.

På onsdag blir det premiere på den nye Avengers-filmen, og gjengen blir stadig meir fargerik og underhaldande på alle vis; for denne gongen er også «Guardian of the Galaxy-folka» og slagferdige «Black Panther» med.

 

Du finn oppdatert kinoprogram på https://surnadal-kulturhus.no/program/

Først publisert: 20. april 2018, 10:00 - Sist oppdatert: 19. april 2018, 22:43