Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Allsidig dag med både kunst- og fotoutstilling

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2022

Søndag blir det ein allsidig dag i Svinviks arboret, da Sissel Halset Storslett inviterer til separatutstilling i det gamle fjøset.  Til saman stiller ho ut 26 kunstverk, der det er store variasjonar i motiv og materialbruk. I tillegg er det høve til å sjå fotoutstillinga til  Jörg Brunke, med tema «store lille verden».  Arrangementet startar med at Duncan Halley frå NINA held eit interessant foredrag om bekjemping av forvilla rododendron.  Altså litt for ein kvar smak denne dagen, der foredraget startar kl 13:00 og salsutstillinga byrjar  kl 14:30.

Som sagt så går kunstutatillinga føre seg i fjøset, og det er Sissel som har måla alle dei 26 måleria som er med på utstillinga.  Sissel har sin bakgrunn frå Statens kunst- og handverksskule, og er godt etablert som kunstnar gjennom fleire separatutstillingar, både rundt omkring på Nordmøre og ikkje minst eit par i Todalen. Men det er første gong ho stiller ut her i Svinviks arboret.

Ho arbeider mest med måleria på kjøkkenet heime i Ytterbaugen på Todalsøra.  – Det fungerer best slik, seier ho, og fortel at ho da kan kombinere med både matlaging og anna arbeid, samtidig som ho kan jobbe når inspirasjonen er på plass.  Det blir litt kvar dag og enkelte dagar blir det litt meir enn andre dagar – slik er det berre å være kunstnar, smiler ho.  I tillegg har ho jobben å passe – akkurat no har ho halvstilling på Frivilligsentralen i Surnadal, og det passar veldig bra. 

Sissel håpar at det kjem mange på utstillinga som opnar i morgon og er ope fleire dagar fram til 16. oktober. Foto Jon Olav Ørsal

Ho oppfordrar til å ta turen til arboretet søndag – det kan kanskje bli litt kaldt i fjøset, med ta på godt fottøy og gode klær så går det godt. – Og etterpå kan du stikke innom kafeteriaen og ta ein kaffedråpe og nystekt eplekake.  -Katharina kjem frå Sverige i kveld og da skal vi nemleg lage eplekaker som er klare til servering søndag, reklamerer Sissel. 

Utstillinga er open fram til 16. oktober:

Søndag 9. oktober  frå 14.30 og utover
Måndag 10. til torsdag 13. oktober  kl 16:00 – 18:00
Fredag 14. til søndag 16. oktober kl 12:00 – 18:00

Kafeteriaen i arboretet er open samtidig med utstillinga – stikk innom på kaffe og nystekt eplekake, fristar Sissel. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. oktober 2022, 13:46