Torsdag var det aktivitetsdag for elevane ved Todalen oppvekstsenter på Bordholmen. Gradstokken viste minus ti grader, men heldigvis var det vindstille. Det vart nok kaldt for både tær og fingrar, men det såg ikkje ut til å legge nokon dempar på aktiviteten. Klubbhuset var ope slik at deg gjekk an å gå inn for å verme seg.
Elevane dreiv med forskjellige aktivitetar. Mest populært var det å leike på den fine isen, og mange hadde med seg skeiser. Skeiserennarane imponerte, dei var riktig så dyktige! Alle måtte ha hjelm på isen, og det var bra. Ein av skeiserennarane datt attover og slo bakhovudet rett ned i isen, men var like god da hjelmen tok av for den harde dasken.
I redskapshuset var det full aktivitet i klatreveggen samt litt avslapping med triveleg prat på mattene. Trøsyklane vart flittig bruka både på isen og rundt om på banen, her var det både trim og leik. Inne i klubbhuset var det kjekt med eit slag biljard når ein måtte inn for å verme seg. I klubbhuset var det og servering av varm kakao og pølser med brød, det gjorde godt på ein kald dag med stor aktivitet. Foreldrerådet var pølsesponsor.
I femteklassen starta det ein ny elev sist måndag, Lisabet Storslett. Ho kom frå Ålvundfjord skole, og sjølv om ho berre hadde hatt tre dagar på Todalen skule, var ho for fullt med i leiken. Ho kunne fortelje at ho trivest godt både i timane og ute i friminutta, og at ho syntest det var kjekt å begynne på skulen her i bygda. Så no er det dobbelt så mange jenter i femteklassen mot det som var før jul! Det var tydeleg at medelevane også sette pris på å få ein ny elev i klassen! Lisabet bur i Ytterbaugen.
Sjølv om det var litt hustre ver, var det leik og full aktivitet på Bordholmen heilt til skuledagen var slutt. Slike dagar gjer godt for både barn og vaksne i ein hektisk skulekvardag.
Da er det berre å håpe at det blir snø, slik at det kan bli skidag når sola vermer i bakkane i februar og mars.