Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. november 2023
Søndag er det allehelgenssøndag, og Todalen Sokneråd inviterer til allehelgensgudsteneste klokka 11:00 i Todalen kyrkje. Prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit Oddveig Helset Halle. Gudmund Husby og neste års konfirmantar deltek i prosesjon med lystenning. 
 
– Dette er ein dag kor vi på særleg vis minnes dei av vore vener og kjære som er døde. Mange tenner lys på gravene og lys i heimane. I kyrkja har det etter kvart vorte tradisjon, særleg å minnast dei som er døde det siste året, sidan siste allehelgensdag, med å lesa opp namna deira og tenne lys i gudstenesta, fortel søndagnes prest, Torbjørn Brøske.
 
Dette er ein fin tradisjon, men prest Torbjørn Brøske understrekar at alle dei som kjenner på sorg og saknad etter ein kjær, anten dødsfallet var nyleg eller for lenge sidan, er like velkomne til kyrkja. Dagen er dei levandes dag, liturgisk farge er kvitt (!), det er godt å kjenne på fellesskapet både med dei som er døde – og dei som vi gledeleg vis framleis lever saman med, legg han til. 
 
Takkofferet denne søndagen går til konfirmantarbeidet på Vipps 502908.  
 
Etter allehelgensgudstenesta blir det kyrkjekaffe, og alle er hjarteleg velkomne!
 
 

Medlem i Todalen.no –

Publisert: 2. november 2023, 17:42