I dag vart det siste toppisdekket på skeiseisen på det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion lagt, og Finn Ranes i dugnadsgjengen for skeiseis kan melde om fine forhold for å gå på skeiser, så da er det berre å ta fram skeisene og ta i bruk det nye nærmiljøanlegget.
Også dei andre vinteranlegga til idrettslaget har nypreparerte trasear. Dette gjeld Toåa tursti som er nybrøyta og i tillegg har fått ny skidåre ved skidan av. Fine forhold for både gåande og dei som ønsker å bruke ski.
I lysløypa på Tjønnmyra vart traseen preparert på føremiddagen i dag, og her også meldes det om skikkeleg fine forhold for skigåing. Gå inn på loyper.net og skriv inn Tjønnmyra i søkefeltet, da finn ein ut sist lysløypa var preparert!