No er det snart duka for verdenspremiere på Kårvatn Sky Run, og deltakarkarlista viser snart 30 påmeldte deltakarar. Her finn vi både damer og herrer, også fleire lokale utøvarar i alle klassane. Så langt er det 3 påmeldte til trimklassen Storfjellet opp, 13 i klassen Kårvatn Skyrun 29 km og 10 i klassen Kårvatn Skyrun 43 km.
Sjå heile påmeldingslista her: Kårvatn Skyrun 2019
Sist helg vart løypemerkinga frå Kårvatn til Tovatna starta, og fleire har vore engasjert dei siste dagane for å få alt på plass.
Trimklassen startar frå Kårvatn klokka 9 laurdag, medan dei i konkurranseklassane startar 11.Arrangørane håpar derfor at enda fleire melder seg på i løpet av dei siste dagane, eller tek turen til Storfjellet som heiagjeng i lag med Surnadal Sparebank som lovar stor stemning der.