Han kjem frå Hampshire i England og driver butikk med sal av utstyr til fluefiske. Han var i Todalen for første gong i fjor – på prøvefiske i Toåa. No i år har han vore på Todalshytta ei veke, og har landa tilsaman 6 sjøaure og 4 laksar – den største laksen på 8,1 kg tok han torsdag, like før midnatt. Alle 10 er gjenutsatt.
Alistair Robjent trur at framtida for altlanteerhavslaksen er c&r eller på godt norsk – gjenutsetting. Det har vore stor fokus på at det er stor dødeligheit på gjenutsatt fisk, men ei undersøking direktoratet har gjort viser at den er på snaue 7% som dør av skade etc.
Alistair har forekska seg i Todalen og Toåa – finaste plassen i verda som han seier. Toåa er ei teknisk krevjande elv å fiske med flue i, og det gjer at det er skikkeleg artig å fiske her. – Likar det tekniske fluefisket som vi kan utøve her i Toåa På spørsmål om han kjem att neste år, så svarer han definitivt.
Heime i Hampshire driv han som sagt butikk med sal av fluefiskeutstyr og jaktklær. Han har ikkje noko nettsal i butikken, så dem som vil handle her må møte opp i butikken. Sjølv brukar han 7 veker kvart år til å reise rundt på laksefiske – eit par av desse vekene brukar han altså i år i Toåa. Kona er også hekta på laksefiske med flue, og ho er med til Todalen og er like begeistra som han sjølv.