Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktuell Drivadebatt

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. mai 2016

For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, kunnskapsrikt og spennande panel som appellerte til publikum i alle aldrar. Gledeleg å sjå svært mange unge i salen.

IMG_5589

Leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, orienterte om NKS sitt engasjement i temaet kroppshysteri. Det er eit satsingsområde i organisasjonen. Foto: Dordi J H

Ideen til dagens tema oppstod under sanitetsveka 2015 da Martha Breen heldt foredrag med tittelen «Skjønnhetstyranniet»  for ungdomsskuleelevane i Halsa og Surnadal og foreldre. I samband med dette regisserte dagleg leiar Laget Vårsøg, Gerd Ingrid Kvendset, ein dramasekvens med unge aktørar der temaet var kroppspress. Da såg ho kor aktuelt dette er.

IMG_8429

Desse hadde ein sentral rolle i Drivadebatten. Frå venstre Sigmund Tjelle, Kari Løvendahl Mogstad, Linnea Myhre, Kine Paola Sæter, Yngvild Sæter og debattleiar Svein Sæter. Foto: Dordi J H

Paneldeltakarane i dag var lege Kari Løvendahl Mogstad, forfattar og tidlegare bloggar Linnea Myhre, kunstnar og modell Yngvild Sæter og bikinifitnessutøvar Kine Paola Sæter.

Kari Mogstad ser dagleg at kroppshysteriet fører til store helseproblem, både psykiske og fysiske. Ho arbeider no med ei bok om temaet og får forskingsmidlar frå NKS. Ho synest og at det er svært bra at NKS arbeider for ei lov for å hindre publisering av umerka retusjerte bilete.  Ho meiner at det er viktig at foreldra orienterer seg om kva dei unge opplever på sosiale media, tek ansvar når det gjeld nettbruken til dei unge og passar på at dei unge koblar seg av nettet for å få både kvile og søvn.

Linnea Myhre er forfattar og tidlegare bloggar. Ho har slite med anorexi i mange år, og har med bloggen sin og forfattarskapet sitt sett fokus på eit tabubelagt emne.

IMG_8423

Sanitetsforeiningane frå Øvre Surnadal, Surnadal og Todalen hadde stand ved Drivadebatten. Frå venstre: Mette Helene Mikkelsen, Elinor Bolme, Astrid Roaldset og Ronja, Jorunn Ness og Britt May Hollås. Foto: Dordi J H

Kine Paola Sæter er bikinifitnessutøvar, og ho opplever at idretten hennar ofte får negativ fokus. Sjølv meiner ho at idretten hennar korkje er meir usunn eller meir ekstrem enn skihopp, langrenn, fotball osb. Det er viktig å halde fokus på at trening og mosjon skal gi ein frisk og god kropp, og ikkje bikke over til det ekstreme. Ta med ungane på søndagstur oppfordra ho.

Yngvild Sæter ser på kroppshysteriet som eit problem med utspring i eit mannsdominert samfunn. Kvinner blir ofte objektivisert. Ho oppfordra kvinner og jenter slik: «Tru at du er nokon, ikkje noko!» «Ver positiv til eigen kropp!»

Diskusjonen etter innlegga var interessant, og publikum viste stort engasjement, ein vellukka Divadebatt!

IMG_8425

May Elisabeth Holten og Jorunn Rindal stod også på stand for NKS. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 27. mai 2016, 21:55