Aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion står no ope for fri bruk. Her kan ein spele bordtennis, brettspel, kort, spele musikk eller berre stikke innom for å ha det artig med andre. Frå og med i dag er aktivitetsrommet ope heile tida.
Idrettslaget oppfordrar alle som brukar aktivitetsrommet til å rydde etter seg, slik at rommet er tyddig og i orden til neste besøk!