I dag tok Todalen og Stangvik oppvekstsenter, som til vanleg er lokalisert på Evenshaugen, turen til Todalen for å ha aktivitetsdag på Bordholmen stadion. Her var det mange gjennomført mange forskjellege aktivitetar dei knappe fire timane dei hadde til rådigheit.
Oppvekstsenteret hadde sikkert lese og sjekka vêrmeldingane nøye, for vêrgudane varta opp med fint og varmt vêr!
I lunsjen vart det grillmat, noko som var populært. Og som om ikkje det var nok, så vart det også dessert etter lunsjen, da Todalen Idrettslag spanderte is på alle saman.
På Bordholmen er det mange forskjellege aktivitetar å halde på med, i tillegg til ein fin og velstelt fotballbane. Så det var vel vanskelegare å velje kva ein skulle halde på med, framfor å i det heile finne på noko!
Det vart sykla, spela tennis, kasta frispeegolf, sparka fotball, dissa og meir til. Det vart også tid til å gå Toåa tursti og litt klatring i klatrerommet inne i reiskapshuset på Bordholmen stadion.
Det såg ut til at alle kose seg og hadde ein fin aktivitetsdag på Bordholmen stadion og i Todalen.