Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i Svinvika den 23. mai for å markera Verdens aktivitetsdag. Denne dagen møtte også ordførar Mons Otnes, folkehelsekoordinator Annett Ranes og kulturleiar Lilli Husby. Mons Otnes hadde mange godord, og i tillegg blomster og pengar til Stavganggruppa. Annett Ranes og Lilli Husby peika på kor viktig det er med fysisk aktivitet, særleg i vår aldersgruppe.
Etterpå kunne alle fritt velja ruta for dagen, og dei fleste følgde turleiar Narve Talgø opp Gammelvegen mot Gjeldnes. Vi avslutta dagen med kaffe og kake nede i Gjengsto.
Her finn du mange fine bilde frå turen. Foto: Randi og Vidar Sogge