Familien Sæterbø på Nordvik, Sindre, Sigrid, Lisabeth og Kenneth er like engasjert alle saman. Dei samlar glasbiter, porselensbitar og knappar i fjæra, rett nedafor heimen deira på nedafor Rabbleet. Dei er like engasjerte alle sammen, og borna maser på for å kome seg ut, saman med foreldra.
Det er Sigrid som var 6 år sist fredag og går i første klasse på Stangvik skule, og så er det Sindre som er 4 år og går på barnehagen på Evendshaugen – og mor og far Lisabeth og Kenneth som har sitt daglege virke i Surnadal og sjølvsag må jaktgolden Balto få lov til å være med. Vi kan faktisk bruke så mykje som ein time per dag når det er vêr til å være ute, seier Lisabeth.
Dei starta med dette tidleg i vår, og dei samlar glasbitar og porselen og knappar. Dette har det gått sport i og far Kenneth har litt kunstneriske evner, og lagar fine moaikkbilder av det som dei plukkar med seg heim frå fjøra.
– Vi slår to fluen i ein smekk med denne hobbyen vår – vi får rydda og plukka opp søppel på i strandlina nedafor heimen vår og så får vi samtidig ramateriale til å lage fine mosaikkbilder. Kenneth har mellom anna laga eit fint bilete som har «Svanhild» som motiv. Dette er dobbelt artig etter som Svanhild var bygd her i fjæra på Nordvik ein gong i tida. I tillegg til at vi får med oss borna ut i frisk luft, så får vi også mindre skjermtid og bruk av dataspel som ein bonus, seier Lisabeth.